Kristi siger kan ikkje brukast til å fremje eigne interesser

Tekst: Alf Kjetil Walgermo Foto: Julia Troisi



I fleire år blei verdas største økumeniske organisasjon leia av ein nordmann. Olav Fykse Tveit, preses i Den norske kyrkja og tidlegare generalsekretær i Kirkenes Verdensråd (KV), er blant dei som har mest innsikt i korleis organisasjonen jobbar.

– Det første og viktigaste oppdraget er å arbeide for einskap mellom kyrkjene i verda. Så finst det i neste omgang ulike måtar å gjere dette på, seier den tidlegare generalsekretæren til STREK.

Ut frå grunnreglar og praksis finst det nokre hovudmålsettingar. Det har vore dragkampar innan organisasjonen om kva som skal ha mest vekt. Eit spor er det som sprang ut av Faith and Order, som var forlauparen til KV – arbeidet med kyrkjesplittande teologiske tema som dåp og nattverd.

Eit anna spor er misjonsrørsla: Korleis samlast verdas kristne om å forkynne evangeliet? I møtehallen på KVs hovudkontor i Geneve finst det eit digert vevd teppe som viser til sambandet mellom einskap og misjon med det kjente bibelsitatet frå Johannes-evangeliet, at vi alle skal vere eitt for at verda skal tru. Første delen av bibelverset er vevd inn i teppet på gresk.

– Misjon har heile tida vore der og motivert den moderne økumeniske rørsla. Vi skal stå saman for å vise eit felles vitnesbyrd om Kristus, seier Fykse Tveit.

Arbeidet for fred

Eit tredje KV-spor er særleg aktuelt i og med Russlands invasjon i Ukraina: Den økumeniske organisasjonen jobbar med kyrkjene si rolle i krig og fred.

– Dette kjem stadig opp att, og er aktuelt igjen no. Kan kyrkjene med sitt einskapsarbeid bidra til fred og forsoning? Knytt til dette er heile det kyrkjelege engasjementet for ei betre verd: som kampen for menneskerettar og vern om skaparverket, seier den norske leiande biskopen.

Desse tre spora er nærmast som ei lita treeining i seg sjølv, for ein kan ikkje berre tenke teologi, berre misjon eller berre sosialetikk. Alt heng saman med alt, som ein annan berømt nordmann på den internasjonale scena (Gro Harlem Brundtland) i si tid uttrykte det. Utfordringa er å få alt til å bli ein felles agenda, der det eine sporet styrkar det andre.

– Eit av mine mål som generalsekretær var å få til dette, seier Fykse Tveit, som seier at KV også har avdelingar for religionsdialog, kjønn, utdanning og gudstenesteliv.

– Er det mange dragkampar bak det einskaplege teppet?

– Det har nok vore det i periodar. Sterke, leiande figurar har hatt ein tung agenda. Ulike avdelingar kan også ha hatt ei oppfatning om at akkurat deira arbeid har vore det viktigaste. Då eg begynte som generalsekretær, hadde vi færre ressursar, og det var viktig for meg at vi ikkje skulle stå fram som fire, fem forskjellige verdsråd. Vi måtte sjå samanhengane både med tanke på ressursbruk og for å halde på profilen vår.

Eit «valdsamt tilbakeslag»

Eit vanskeleg spørsmål som også blir diskutert i KV er synet på seksualitet. Dette temaet har patriark Kirill gripe fatt i på nytt, i eit Russland der skepsisen til homofile personar er høg.

– Då eg møtte patriarken i 2010, meinte han at kyrkjene i Vesten hadde blitt så liberale i desse spørsmåla at han ville trekke seg ut av KV, seier Fykse Tveit.

Den dåverande generalsekretæren fekk likevel overtydd Kirill om ikkje å trekke seg ut, men heller involvere seg meir, så stemma deira kunne bli høyrt. Den russisk-ortodokse kyrkja er den største kyrkja som er medlem i KV.

Ikkje dess mindre er den noverande situasjonen i den russisk-ortodokse kyrkja eit «valdsamt tilbakeslag», meiner også Fykse Tveit. Han har sjølv gått ut mot patriark Kirills bruk av den sigrande Kristus på krossen – ein austleg tradisjon, der den vestlege har meir vekt på Jesu liding på krossen – for å legitimere invasjonen i Ukraina.

– Dette er ikkje eit uttrykk for ei felles kristen tru. Vi kan ikkje bruke Kristi siger til å fremje våre eigne interesser. Og iallfall ikkje til å ignorere lidinga hos andre, seier Fykse Tveit.

– Har det vore ein liknande situasjon i KVs historie, der ei medlemskyrkje er med på å legitimere ein angrepskrig?

– I etterkant av andre verdskrigen, då KV starta opp, var det veldig viktig å seie tydeleg at krig er synd. Krig er mot Guds vilje. Dette var for å legge ei ny plattform for kyrkjeleg samarbeid. Den tyske kyrkja vedkjente seg si synd, ein føresetnad for at denne kyrkja kom tilbake i eit kyrkjeleg fellesskap. Det var også ein tematikk under den kalde krigen. KVs arbeid blei hardt kritisert fordi ein ville ha kontakt på den andre sida av jernteppet, seier Fykse Tveit.

Han kan likevel ikkje peike på ein parallell situasjon til patriark Kirills støtte til krigen i Ukraina. Fykse Tveit innrømmer at det er ei «kjempeutfordring» for KV korleis dei skal handtere han vidare. Blant anna er KV den einaste møtestaden for dei ulike ortodokse kyrkjene i den store ortodokse kyrkjefamilien.

– Krigen i Ukraina er eit brot mot alt det KV står for, våre felles kristne verdiar og vår felles tru. Det gjer situasjonen svært vanskeleg.

Må prøve alt

På bakrommet i den russisk-ortodokse kyrkja har det truleg skjedd meir enn det som har komme fram i det offentlege. Det signaliserte iallfall Hilarion, «utanriksministeren» i den russisk-ortodokse kyrkja, då Fykse Tveit snakka med han for ei stund sidan – dei gjer mykje i den russisk-ortodokse kyrkja som dei ikkje kan snakke om offentleg. Spørsmålet er om det har vore noko rom for å gjere desse unemnte tinga. Nyleg blei Hilaron, som har vore sett på som ei moderat stemme og ein motstandar av russisk krigføring, degradert. Han er ikkje lenger kyrkjeleg utanriksminster og ein mogleg nummer to i det russisk-ortodokse hierarkiet, men er blitt sendt til ein skikkeleg utpost (Budapest).

Kontakten med den russisk-ortodokse kyrkja er med andre ord ikkje den enklaste. KV veit nok heller ikkje heilt kor mykje påverknadskraft organisasjonen har. Men det viktigaste KV kan gjere, meiner Fykse Tveit, er å legge tungt innover den russisk-ortodokse kyrkja at dei bidreg til å få ein slutt på krigen, og prøve å få dei til å forstå at dei ikkje kan legitimere han.

– KV har som oppdrag at ein må prøve alt, heilt til det er umogleg.