KOM I HUG

SOMME TIDER har eg lett for å gløyme. Kanskje hadde eg hovudet ein annan stad då beskjeden kom. Eg blei kan hende distrahert av noko anna viktig eg måtte gjere. Eg gjekk mot frysaren for å ta opp eit brød og kom attende med to bøker og ein skrutrekkar.

Mennesket lever ikkje berre av brød. Men heller ikkje einast av bøker og skrutrekkarar. Som regel slår minnet inn, gjerne seint på kvelden, og bergar meg før stutthugsen blir avslørt. Etter ein ny tur til frysaren står brødet klart til familien når det gryr av dag.

I GUDS TANKAR. Dette nummeret av STREK tek utgangspunkt i minnet vårt. «Hukommelse», som det heiter på bokmål, er å «komme i hug». Å komme i hug er ikkje berre ein viktig del av det å leve og føre seg i kvardagslivet, det er også ein sen- tral åndeleg praksis. Det var derfor Jesus sa då han stifta nattverden: «Gjer dette til minne om meg!» Når vi hugsar, når vi kjem noko i hug, blir det vi hugsar nærverande i oss. Uavhengig av kva teologisk syn ein måtte ha på nattverden, blir Kristus nærverande i oss når vi et brødet og drikk vinen til minne om han.

Bibelen er full av oppmodingar til menneska om å komme i hug –å hugse Guds ord og Guds storverk. I like stor grad er Bibelen full av bøner om at Gud må komme menneska i hug. I denne dynamikken kviler mykje av den kristne trua.

Salmisten såg i si tid mot stjernehimmelen og sa: «Når eg ser din himmel, eit verk av dine fingrar, månen og stjernene som du har sett der, kva er då eit menneske – at du hugsar på det, eit menneske- barn – at du tek deg av det?» Den same undringa melder seg gong på gong også for meg, snart 3000 år seinare.

Poenget i salmen er at Gud faktisk hugsar på oss menneske, at han kjem oss i hug. Om dette ber Bibelen tydeleg bod. Gud såg oss mens vi enno var foster, ja, lenge før det. Han har romma oss i sine tankar før verda blei grunnlagt. Difor kan vi stole på at Gud ikkje gløymer. Han kjem oss i hug, både oldingen på over hundre og barnet som døydde før fødselen. I Guds tankar lever vi alle heile liv. Ingen er gløymt av Gud. Heller ikkje røvaren, som i desperasjonen på krossen bad Jesus om å hugse han. Vi hugsar svaret: «I dag skal du vera med meg i paradis.» Samtidig oppmodar altså Gud oss til å komme han i hug: «Gjer dette til minne om meg!» I måltidet blir vi ein del av minnesirkelen som rommar både fortid, notid og framtid. Det er Guds løfter til oss og vårt håp til Gud. Ved å minnest at Jesus døydde og stod opp, held vi notida og framtida levande.

Allereie påskedagen, då Jesus synte seg for to av læresveinane på veg til Emmaus, og mens dei enno ikkje skjøna kven han var, bad han dei om å hugse og fortelje: Kva er det som har skjedd? Den svenske forfattaren Lars Björklund gjer ein interessant refleksjon i dette nummeret av S T R E K : Jesus sa ikkje «Eg veit!», han spurde. Openberringa starta altså i spørsmålet, som opna for læresveinane sitt eige minnearbeid.

Ein annan svenske i dette nummeret, Anders Piltz, seier det slik: «I erindringen, ved å minnes de avgjørende øyeblikkene i frelseshistorien, blir vi delaktige i handlingen, vi blir samtidige med Kristus.»

FRÅ GUD TIL GUD. «Ein tanke har eg: Det er at vi kjem frå Gud, og vi går attende til Gud», sa Jon Fosse nyleg i eit intervju med Alf van der Hagen. Det er ei djup innsikt. Og når vi tar i bruk denne innsikta, kan vi leve med minnet som «kompass», som det heiter på framsida av dette nummeret. Livet går ut frå Gud, og skal atter samlast i han.

Livsvandringa vår handlar såleis i stor grad om å hugse, om å vere ein aktiv part i den store minneforteljinga. Å leve er å nærme seg opphavet, Ordet, sjølv om vi ofte lar oss distrahere. Ja, vi sviktar vel helst meir enn vi lukkast. Likevel ligg det noko der, som vi kan strekke oss etter – og ta imot.

Diktet «Sirkel», skrive av underteikna, skal få klinge med i møte med desse refleksjonane. God lesing av det nye STREK! La oss komme i hug!

Av Alf Kjetil Walgermo
Les diktet i papirutgåva av STREK