Kjærleik frå 13. etasje

– Eg leita etter ein måte å leve livet på … Det tok lang tid.

Søster Claire, 87 år, er framleis lett på foten, der ho går ved sida av meg i ei av Londons mange smågater. 29 år gamal bestemte ho seg for å vie livet til sin Gud og sine medmenneske. I dag er håret hennar grått. Det mørke trekorset heng trygt rundt halsen. Augo utstråler ein fred, og ei glede.

– I starten virka det veldig glamorøst. Vi vart sende hit og dit. Det var mange som ville bli med. Men ein må gjere det av den riktige årsaka …

Vi ruslar bortover Hackneys gater på veg til eit sjukehusbesøk. Noko forstyrrar oss i samtalen. Orda til søster Claire blir liggande som ei gåte inni meg, og eg skal ikkje finne løysinga før fleire timar seinare.

Du finner hele reportasjen i papirutgaven