Heilag slagmark. Kvar går vegen for den russisk-ortodokse kyrkja?

Fuglane kvitrar i utkanten av Vår Frelsers gravlund. Vårdagen er varm og solrik, slik han har vore det i veker allereie. Det gamle gravkapellet har det seinaste tiåret husa den russisk-ortodokse kyrkjelyden Heilage Olga, oppattkalla etter den nordisk-ætta fyrstinna i Kyiv på midten av 900-talet. No er kyrkjelyden på veg hit for å feire den guddommelege liturgien på same vis som dei alltid har gjort det – feire at Kristus er oppstaden frå dei døde.

            Sidan februar i år har dei russisk-ortodokse likevel samlast med eit nytt og dystrare bakteppe, av krig i den himmelske vernaren Olgas heimland, Ukraina. Situasjonen står i skarp kontrast til vårsola utanfor, meir i pakt med skuggane frå det tidlegare gravkapellet. Då Russland invaderte nabolandet med støtte frå overhovudet for den største ortodokse kyrkja i verda, patriark Kirill, blei det litt annleis enn før å vere russisk-ortodoks kristen i Noreg.

            Eit tjuetal kyrkjegjengarar smett inn døropninga, fleire kvinner enn menn. Ei eldre kvinne får med seg rullatoren opp kyrkjetrappa. Ei anna set krykkene frå seg i eit hjørne. Men det kjem også fleire yngre menneske. Dei fleste kjem til gudsteneste i joggesko.

            På kyrkjetrappa møter vi Ieva Berzina-Rosova, som begynte å gå i Heilage Olga i 2006. Ho er utdanna musikar, jobbar som kantor i Den norske kyrkja og har i tillegg jobba som frivillig og som kantor for den norske korgruppa i Heilage Olga. Nyleg reiste ho også som frivillig til ein polsk grenseby for å hjelpe ukrainske flyktningar som er ramma av krigen.

            – Eg følte at eg måtte få gjort noko av det gode i ein situasjonen der det vonde viser seg fram, seier ho.

            – Det viktigaste i trua mi er kjærleiksbodskapen. Eg kjente på ei trong til å reparere iallfall litt av det som er øydelagd av det vonde.

            Inne i kyrkjerommet er folk i gang med å tenne lys og be. Bak ikonostasen, den karakteristiske biletveggen som skil koret frå skipet i ortodokse kyrkjer, heng eit stort bilete av den oppstadne Kristus. Etter kvart høyrer vi stemma til presten. Så opnar ein av dei tre portane i ikonostasen seg: Presten kjem inn i kyrkjeskipet med det svingande røykelseskaret og spreier røykelse – eit symbol for Guds nåde – over oss.

Les reportasjen i det nye nummeret av STREK, nr 03-2022!