GUD I SAMTIDSLITTERATUREN

Ulla Svalheim, forfatter av Til troende - roman

For tretti år sidan var det berre ein av ti nordmenn som ikkje trudde på nokon Gud. I dag er prosentdelen er langt større: Mellom tre og fem av ti trur ikkje på Gud, avhengig av korleis du spør.

Mens det norske samfunnet tilsynelatande er blitt meir og meir sekula- risert, har derimot den motsette tendensen gjort seg gjeldande i den norske skjønnlitteraturen. Der det på 1970- og 1980-talet var nærmast vasstette skott mellom det kyrkjelege og det litterære miljøet, er klimaet i dag eit heilt anna. Vi ser det både på forfattardeltaking i kyrkjelege initiativ som Påske + pasjon (sjå reportasje lenger bak i tidsskriftet), på forfattarinvolveringa i den nyaste bibelomsettinga og i tematikk og språkbruk i nye skjønnlitterære tekstar.

Dei åndelege dimensjonane braut stadig nytt land.

Den aukande interessa for Gud blant norske forfattarar blei tydeleg allereie på 1990-talet. Midt i dette tiåret kom til dømes Edvard Hoems bok Bibelhistorier (1995), der den toneangivande forfattaren henta stoffet sitt direkte frå Bibelen og presenterte det for eit breitt publikum. Året etter kom Dag Solstads roman Professor Andersens natt (1996), der forfattaren i påfallande grad interesserte seg for gudsomgrepet. Det ligg mykje interessant teologi i professor Andersens spontane tanke: «Ingen kan ha sin egen Gud. Selv ikke den gudløse.» Som romanforteljaren resonnerer: «Ved dette hadde professor Andersen anerkjent Gud, ikke Guds eksistens i og for seg, men som begrep …»


Dette er kun et utdrag fra magasinet. Les hele teksten i det nyeste nummeret av STREK.

Skrevet av: Alf Kjetil Walgermo (f. 1977) som er forfattar, journalist, litteraturkritikar og tidlegare kulturredaktør i Vårt Land. For tida fungerer han som redaktør for Strek. Walgermo har dei seinaste tjue åra følgd den norske skjønnlitteraturen tett både som forfattar og gjennom arbeidet med bokstoff i Vårt Land. Dette essayet tek opp i seg og bygger vidare på stoff som tidlegare er publisert der.