Gruppa du ikkje vil skulke

Bilete viser to som sitter og spiser.
– Ein må avklare kva som er gruppa sitt mål, kva ein skal gjere i gruppa og korleis ein skal jobbe saman, seier psykolog Henning Bang.

«Eg har tru på ei viss form for struktur eller liturgi.»

1. Snakk saman når gruppa er ny

– Dess meir eg har jobba med grupper, dess meir oppteken blir eg av at ei gruppe bør gjere nokon avklaringar i starten, seier Harald Nydal, teolog og gruppeterapeut ved Modum bad.
Han får støtte av førsteamanuensis i psykologi Henning Bang ved Universitetet i Oslo.
– Ein må avklare kva som er gruppa sitt mål, kva ein skal gjere i gruppa og korleis ein skal jobbe saman, seier Bang.
Set derfor av tid til ein samtale om korleis gruppa skal fungere, tilrår dei to. Slik kan ein legge eit grunnlag som både kan forhindre problem og som gjer gruppa betre rusta til å møte dei problema som måtte dukke opp.

Illustratør: Bon Tomme

2. Avklar målet og kva gruppa skal gjere i lag

To spørsmål som bør diskuterast tidleg, er kva som er gruppa sitt mål og kva gruppa skal gjere i lag.
– Kva som er målet med gruppa, er eit djupt og grunnleggande spørsmål som få grupper tar seg tid til å snakke om, seier Henning Bang.
Han rår alle til å ta dette spørsmålet på alvor og får støtte frå Harald Nydal:
– Alle grupper har eit mål. Målet for ei celle- eller bibelgruppe kjem an på kva gruppemedlemmene ønskjer. Kanskje er målet at ein skal lære meir om seg sjølv. Kanskje er det også eit mål å bli inspirert til å vere eit reflektert og inspirert medmenneske, seier han.
Kva gruppa skal gjere på samlingane, avhenger til dels av målet som er sett. Nokon grupper bruker neste søndags bibeltekst som utgangspunkt for samtale, andre har lausare samtalar. For ein del grupper er det viktig å ha eit måltid saman. Korleis ein vil gå fram, avhenger av målet med gruppa og kva medlemmene ønskjer.
Sjur Isaksen, teolog og førstelektor ved Menighetsfakultetet, har skrive fleire bøker som stimulerer til samtale om preiketekstane. Han trur at slike bøker, eller andre hjelpemiddel som gjev ein struktur til samlingane, kan vere ein god idé for mange.
– Eg har tru på ei viss form for struktur eller liturgi. Å ta utgangspunkt i søndagstekstane kan stimulere til ein fruktbar samtale. Kanskje kan det også gjere at ein unngår å gå tom og bli repeterande i tema ein tar opp, seier han.

 

3. Skap eit inkluderande miljø med rom for dialog

Også korleis gruppa skal jobbe saman, er eit viktig spørsmål. Dette handlar mellom anna om korleis gruppa skal kommunisere og korleis ein skal sørgje for at alle har det bra i gruppa.
God kommunikasjon er viktig, men vanskeleg – særleg når det gjeld verdispørsmål, ifølgje Henning Bang.
– Alle er kanskje samde om at ein skal diskutere tru og tvil, men viss det kjem opp tema medlemmene er grunnleggande usamde om, kan det bli vanskeleg. Kanskje meiner éin at homofile ikkje skal kunne praktisere som prestar, medan ein annan meiner det motsette. Ein kan oppleve at den andre nærmast tråkkar på trua ein har, seier han.
Ifølgje kommunikasjonsforsking finst det tre måtar å møte ulikskap på: Den første er ikkje å seie noko. Den andre er å gå i debatt. Den tredje måten er dialogisk kommunikasjon: å vere tydeleg på kva ein sjølv meiner, samtidig som ein er nysgjerrig og undersøkande på kva andre meiner.
– Å kommunisere dialogisk betyr ikkje at ein skal la seg overtyde, men det gjev spennande samtalar. Mange studiar har vist at grupper som snakkar dialogisk med kvarandre, får betre resultat og tryggare relasjonar. I slike grupper har individa det bra, seier Bang.
I tillegg er det slik at nokon menneske pratar mykje, andre pratar lite. Å gje samtalen ein struktur kan vere ein god måte å få med alle på, ifølgje Sjur Isaksen.
– Det er ofte ei uuttalt forventning om at alle skal bidra i gruppa, også verbalt. Det kan vere vanskeleg å vere den som aldri seier noko. Viss gruppa har eit opplegg som både gjev litt struktur til samtalen og samtidig fridom til at alle får vere seg sjølve, skaper ein eit rom der gruppemedlemmene kan føle seg vel, seier han.
Og ver var for faresignala: Er ein person i ferd med å falle utanfor, kan gruppa merke det ved at han eller ho seier litt mindre eller begynner å kome forsinka til gruppesamlingane. I slike situasjonar bør den som fangar dette opp, ta initiativ til ein samtale om korleis gruppa fungerer, meiner Harald Nydal.

 

Dette er berre deler av denne artikkelen. Lyst til å lese meir? Les resten av punkta og om korleis to grupper har gjort det. Bestill abonnement her!