Frå søppel til suppe

Det byrja i 2014 med fem pakkar hakka tomatar, litt olje og saus.
I dag deler Smyrnakyrkan i Göteborg ut fleire tonn mat i veka.
Det tener alle på.

Då Moses førte israelittane gjennom ørkenen, sende Gud dei manna – brød frå himmelen. Nokre tusen år seinare er mange framleis på ei slags ørkenvandring. Difor har pinsekyrkja Smyrnakyrkan i den skandinaviske storbyen Göteborg starta omsorgsarbeidet Manna.

Suppe og småprat

– Ta det lugnt, soppan är på väg! seier pastor Tomas Sjödin med høg røyst.

Klokka er fem minutt over eitt på ein vanleg onsdag i Smyrnakyrkan. For mange göteborgarar med dårleg råd betyr det at det vankar eit gratis varmt måltid i fellesskap med andre. I foajeen sit folk kring bord og ventar. Nokre slår tida i hel med laust prat, andre med stille. Dei ivrigaste har stilt seg i kø ved suppebordet, for nå skulle suppa strengt tatt ha vore på bordet, så minutta byrjar bli lengre enn godt er. Men folk med grått skjegg, tynne mankar og rynkete andlet er gjerne gode på tolmod. Det verker vere tilfellet i dag.

Snart luktar det suppe i heile foajeen, og andleta løyser seg opp i tilfredse smil.

– Eg kjem her kvar onsdag på grunn av fellesskapet, og for at suppa er så god! seier 70-åringen Ville. 

Gjennom heile veka kjem matbutikkar, restaurantar og bakeri i Göteborg til Smyrna med matvarer som er på veg til å gå ut på dato, i staden for å kaste dei. Der blir maten sortert og lagt i hyller på eit lager. Fem dagar i veka opnar dei frivillige i Manna lageret for svoltne folk med dårleg råd.

VARM SUPPE: – Det finst inga oppskrift, seier Janne Claesson, som kvar veke lagar suppe for svoltne göteborgarar.

Suppekokken

– Eg bruker det som er til overs, så det er inga fast oppskrift, seier Janne Claesson.

Kvar tysdag går den ferske pensjonisten på lageret for å sjå etter noko å lage suppe av. I dag vart det fennikel, purreløk, blomkål, potet og buljong. Fleire av dei frivillige i Manna har sjølv stått på den andre sida av disken. Claesson er ein av desse.

– Då mor mi døydde for seks år sidan, gjekk eg inn i ein djup depresjon, fekk sparken frå jobben, slutta å betale rekningane mine og vart lutfattig.

Svolten og lei trefte Claesson ein ven som selde gatemagasinet Factum.

– Då eg fortalde om problema mine, spurde han kvifor eg ikkje går til Smyrna og får gratis suppe på onsdagar? «Jo, det kan eg gjere», sa eg og gjorde så.

Der trefte han Susann, som spurde korleis suppa smakte, og då svarte han at, jo, den er ok, men litt for tynn. Lite visste Susann at ho hadde spurt ein mann med kokkeutdanning og arbeidserfaring frå restaurant om meininga si.  

– Då eg avslørte yrket mitt, bad ho meg kome og hjelpe til neste onsdag. Det gjorde eg, og sidan har eg vore med og hjelpt til fleire dagar i veka.

Å vere ein del av Manna betyr mykje for Claesson, som meiner Gud har hatt ein finger med i spelet.

– Det er utruleg kva Gud gjer. Sjølv om eg forlet trua, forlet ikkje Jesus meg.

Ingen veks utan mat

Ved eit av borda sit Frode, som ikkje vil røpe alderen sin, men som gjerne fortel om livet sitt. 

– Eg vil leve enkelt. Tilbake til grunnen. Alle treng mat, difor vil eg lære folk å plante sin eigen, seier Frode.

Frode fortel at han har reist i Norge, Sverige, Danmark, Nederland, Sveits, Frankrike og Tyskland, meir eller mindre utan pengar. Det har ikkje vore enkelt.

– I periodar har livet mitt handla om å finne mat. Når mennesket berre lever for å overleve, veks ein ikkje lenger som menneske.

Heldigvis er livet blitt betre for Frode.

– Folk har gitt meg moglegheit til å sleppe å uroe meg for om eg får nok mat. Eg har ein plass å bu, og vi er fleire som hjelper kvarandre.

Ved eit anna bord sit John Marou og drikk te.

– Det er herleg å treffe folk her, det er terapeutisk for meg, seier Marou.

Marou er kunstnar. For han er besøka i Smyrnakyrkan ei kjelde til inspirasjon.  

– Eg er målar og musikar. Når eg kjem heim frå desse onsdagane, er eg alltid inspirert til å måle nye strøk.


Les hele artikkelen i STREK nummer 1/2020.
Vil du bestille et prøvenummer eller bli abonnent? Klikk her.