Ein katt fortred

HENTA UNGEN: Inger Malerstuen har teke hand om Saga etter at ho vart funnen. Då ho fekk vite at ein av ungane til Saga framleis levde, troppa ho opp på døra til eigaren og kravde å få han med seg.

To gule og svarte auge ser opp frå badegolvet. Vidopne, runde. Katten reiser seg lynkjapt. Smyg seg langs dei raude golvflisene, den eine poten framfor den andre, med blikket stadig på vakt. Saga vil ut. Vekk. Vekk frå den nyankomne gjesten.
– Vi skjønte raskt at ho var traumatisert, seier Inger Malerstuen, leiar for Dyrebeskyttelsen på Gjøvik.
– Det tar tid for henne å venne seg til nye folk.
Tidleg i mai vart Saga funnen i ein container på Raufoss. Ho var innpakka først i ein pose, så i ein til, der reima var stramma rundt halsen hennar. Attmed henne låg tre døde kattungar.

«Saga virka tillitsfull, men i dag trur vi at ho var i sjokk.»
Inger Malerstuen

Frykta ho for livet sitt? Var ho fortvila over tapet av ungane sine? Sjølv om vi kanskje aldri vil bli sikre, er vi nærare svara enn vi nokon gong har vore. For dei siste tretti åra har vitskapen tatt eit langt hopp i kunnskapen om dyrs evner til å tenkje, føle og vere medvitne.
Nye spørsmål, nye svar
Bergljot Børresen har i ei årrekke tala dyra si sak, som veterinær og forskar. På 1980-talet heldt ho doktorgradsforelesing om dyrs oppleving av smerte og korleis smerta kan behandlast. Ho var del av ein liten revolusjon. For i dag spør ikkje forskarar lenger om dyr kan tenke og føle. Dei spør heller korleis dei tenker, og korleis dei føler.
– Gjennom heile 1900-talet er folk blitt avlærte det dei sjølve ser, seier Børresen.
– Både budeier og dyrehaldarar har i all tid sett at dyra dei omgåast, har evner, kjensler og intelligens. Men vitskapen har blånekta. Jobben til dagens forskarar er å fortelje at dei tidlegare har teke grundig feil.
Ville ligge på fanget
Det var to renovasjonsarbeidarar som fann henne først. I ein container med matavfall såg dei ein pose som lea på seg. Då dei opna han, fann dei tre døde kattungar, rundt fem veker gamle, den eine med splitta hovud. Det skulle vise seg at dei hadde vore døde før dei vart lagde i posen. Saman med dei var kattemora, svart og brun i den våte, skitne pelsen.
Leif Rune Haavi, som budde like ved, tok Saga inn i stova si medan dei venta på dyrlegen. Ho var blitt plassert i eit stort bur, og då han opna det, vart han overraska. Ho la seg i armane hans med det same.
– Eg hadde trudd ho skulle vere redd, fortel han.
Han sat først med henne i fanget. Så prøvde han å setje henne ned på golvet, laga ei lita dokasse til henne. Men Saga snuste berre litt på dokassa, så smatt ho tilbake i fanget hans. I om lag ein time låg ho der og vaska seg.
Utgått kunnskap
Gjennom det meste av 1900-talet dominerte ei oppfatning i forskarkretsar: Dyr tenkjer ikkje, dei føler ikkje, dei handlar på instinkt, dei er som maskiner. Filosofen Descartes, som levde på 1600-tallet, meinte at mennesket har kjensler fordi det kan tenkje og fordi det har sjel. Dyr kan ikkje tenkje, dei har ikkje sjel, og dei har dermed ikkje kjensler, resonnerte han.
Gjennom århundra har mange vore usamde. Vitskapsmannen Charles Darwin meinte at menneske og dyr er i slekt, og at vi har ulike mentale evner berre i grad, ikkje i type. Dyr kan tenkje rasjonelt, dei kan hugse, dei kan kommunisere og dei har også estetisk sans, skreiv Darwin. Ideane hans skulle bli tekne vidare av andre.
Men behaviorismen, som skulle dominere både human- og dyrepsykologi på mykje av 1900-talet, ville det annleis. Ifølgje behaviorismen reagerer både dyr og menneske på stimuli med tillærte responsar. Kun observerbar åtferd skulle studerast, ikkje uobserverbare indre prosessar. Fleire har meint at det ikkje var tilfeldig at bruken av dyreforsøk og -oppdrett vaks mykje i dei tiåra behaviorismen rådde.
Gjensynsglede
Same dagen som ho vart funnen, vart Saga plassert hos Dyrebeskyttelsen. Det ho ikkje visste, var at ho snart ville få sjå den eine ungen sin igjen. Hennar tidlegare eigar var blitt lokalisert, og Dyrebeskyttelsen hadde fått reie på at ein kattunge framleis levde. Inger Malerstuen troppa opp på døra til eigaren og kravde å få ta han med seg.
Han fekk namnet Knut.
– Kattar har ein heilt spesiell lyd når dei ropar på ungane sine, dei purrar. Saga begynte umiddelbart å lage purrelydar når ho fekk Knut inn i buret til seg. Det var nesten så ho la armane rundt han, fortel Malerstuen.
Saga vaska, vaska og vaska Knut. Så tok ho til å gå rundt i buret, truleg på leit etter fleire av ungane sine.
– Ho såg ut av buret, virka litt forventningsfull og skuffa, som om ho spurte meg om eg ikkje kom med resten også. Så la ho seg til å amme Knut.
Sjølv sat Malerstuen med tårer i augene og såg på. Ho observerte også Sagas reaksjon når andre kattar forsøkte å nærme seg buret: Ho kveste. Og kom dei enda nærmare, stakk kattemor labben ut, som om ho prøvde å dytte dei vekk. Buret var lukka, men det var ikkje godt nok for Saga.
Attende til Darwin
Først nokså seint på 1900-talet skulle behaviorismen for alvor bli utfordra. Dyrefysiologen Donald Griffin starta i 1978 observasjonar av dyr sine evner til å samle mat og samhandle med omgivnadene og kvarandre. Han konkluderte med at dyr var medvitne, tenkande skapningar, ikkje maskiner. Han tilrådde andre forskarar å bruke Darwin som mentalt rammeverk.
Ein annan som skulle bety mykje, var nevrofysiolog Paul MacLean. På 1980-talet skreiv han om den treeinige hjernen: Ifølgje hans modell har samtlege virveldyr ein identisk kjerne i hjernen som regulerer kjensler og emosjonar. Og nøyaktig dei same kjemikaliane sender nevrologiske signal, både hos dyr og menneske.
– Samtidig kom det nye metodar for dokumentasjon, seier Bergljot Børresen.
– Tidlegare var alle forsøk på å stille spørsmål ved at dyr er instinktdrevne maskiner, blitt avfeia som anekdotar. Med digitalkamera kunne ein dokumentere dyrs spontane åtferd og formidle det som skjedde.
I tillegg gjekk forskarar saman i store grupper for å formidle sine funn i vitskapelege tidsskrift. Dei visste at dei kunne bli uthengde om dei gjorde det åleine. Mellom anna gjorde dei reie for at både fiske- og fuglehjerner var langt meir avanserte enn ein tidlegare hadde visst om.
Sjimpansen som ville hjelpe
Gjennom media vart dyrehistorier etter kvart kjende for alle, ikkje berre for dei som levde tett på dyr. Sjimpansedama Kuni, som heldt til i ein britisk dyrehage, vart kjendis fordi ho hjalp ein skada fugl på bakken. Ho løfta han opp, tok han med til toppen av eit tre og spreidde vengane hans, som på eit lite fly. Så sleppte ho han, så han igjen kunne flyge fritt.
Også andre dyrestjerner kom inn i manesjen. Papegøyen Alex vart verdskjent på grunn av intelligensen sin, som ifølgje psykologiprofessor Irene Pepperberg var på linje med delfinar og store apar, eller eit fem år gammalt barn. Papegøyen fekk eit ordforråd på 150 ord, før ho døydde altfor ung i 2007.
Og ved ein aldersheim på Rhode Island vart katten Oscar vide kjent for sine evner til å føreseie dødsfall. Han gjekk daglege rundar frå rom til rom. Ofte kom han ut att, men nokre gonger vart han verande. Då skunda personalet seg å ringje til dei pårørande. For når Oscar forstod at nokon snart ville døy, vart han hos dei og kosa med dei til det siste. Oscar lever framleis og hadde i 2015 føresagt dødsfallet til om lag 100 pasientar.
Unngår opne rom
Da Saga og Knut vart sleppte ut av buret fjerde dagen, heldt Saga halen høgt til vers. Men ho vakta vel over Knut, som sprang rundt og leika med alle. Var han borte lenger enn normalt, gjekk ho for å leite etter han. Andre kattungar avviste ho kontant, ville ikkje gje dei melka si.
Når vi møter henne to veker seinare, er ho mindre påpasseleg overfor ungen sin. Av og til går ho bort og snusar på han. Så trekkjer ho seg tilbake. Og medan Knut er å finne overalt, i sofaen, under eit bord på badet, i vindaugskarmen eller på salongbordet, smyg Saga seg langs golvet og unngår opne rom. Etter at ho oppdaga badeverelset, held ho seg helst der.
Berre Inger Malerstuen får lov til å løfte henne opp. Det tok halvanna veke.
– Saga virka tillitsfull første dagen, men i dag trur vi at ho var i sjokk. Etterpå har ho vist tydelege teikn til eit traume, seier Inger Malerstuen.
– Av og til skulle eg ønske at vi hadde ein dyretolk.
– Ingen veg attende
Ei lang rekke framståande forskarar har dei siste åra skrive om dyrs evne til å føle, tenkje, hugse, lære, lære vekk, vere sosiale. Gradvis har ein dokumentert eigenskapar som ein tidlegare ikkje har kunne slå fast.
Vi har lært at elefantar kan hugse venner frå lang tid tilbake, og at dei kjenner igjen menneske som har jakta på dei. Gorillaer kan skåre 80 på ein IQ-test, papegøyer i jungelen ropar på kvarandre med namn, rotter ler når dei blir kitla på magen, og både maur, bier, fiskar og fuglar kan ha samfunn med svært avanserte system som får samfunnet deira, og arten, til å overleve.
– Trenden har snudd, og det er ingen veg attende. Forskarar har dokumentert at dyr har kjensler, intelligens og ei oppleving av seg sjølv. Det ein ikkje veit, er kor langt nedover i systema ein må gå for ikkje å finne dette, seier Bergljot Børresen.
Sjølv har ho skrive bok etter bok for å oppdatere oss om dei nye forskingsfunna. Mellom anna har ho skrive at gullfisk kan skilje Bach frå blues, og at berre kvar tiande torsk som er blitt fiska opp med krok, går på kroken ein andre gong. Den tredje gongen er det berre ein av hundre som bit på.
Livsnødvendig empati
Heime hos Inger Malerstuen er det kattar overalt. I vindaugskarmen, på salongbordet, på badet, under sofaen. Når ho kjem heim frå jobb om ettermiddagane, hoppar nokre av dei fram og tilbake, opp og ned. Ein liten hærskare følgjer etter henne på do. Nokre set seg foran henne og mjauar når det er på tide å legge seg.
Kattar har vist seg vanskelege å forske på. Dei er smarte, dei lærer raskt ved observasjon, men dei veit også kva dei vil.
Den tyske etologen Immanuel Birmelin måtte vere svært tolmodig for å finne ut om kattar kunne telje. Ein av kattane ville kun gjere testen om morgonen, ein annan kun om ettermiddagen. Det tok Birmelin fire år å finne ut at kattar kan telje til fire.
Det er framleis mykje vi ikkje veit. Men kunnskapen om dyra vi har rundt oss, aukar stadig.
Primatologen Frans de Waal har skrive at menneske og dyrs kjensler truleg er nokså like. Høgst sannsynleg har kjensler som frykt, smerte og kjærleik hjelpt både dyr og menneske å overleve opp gjennom historia. Og høgst sannsynleg er evna til empati noko vi menneske har med oss frå våre tidlegare stadium, som dyr, skriv han.
Grine i en pelsdott
Inger Malerstuen driv sine eigne små studiar, studiar av erfaring.
Då ho miste mannen sin for eit år sidan, insisterte ein av kattane på å vere saman med henne heile tida. Katten slutta å gå ut, følgde med henne til sengs, sat ved sida av henne i sofaen.
– Det var veldig godt å ha ein pelsdott å grine i, seier Malerstuen.
Og medan kattane passar på Inger Malerstuen, passar ho på kattane. Ho vil gjere alt ho kan for at Saga skal få det godt igjen.
Sjølv om mange har teke kontakt og tilbode seg å gje Saga ein heim, vil Malerstuen vente til den dagen Saga er klar for det. Om ho nokon sinne blir det. ◼

Kjelder:
Virginia Morell: Animal Wise: The Thoughts and Emotions of Our Fellow Creatures
Bergljot Børresen: Fiskenes ukjente liv
Frans de Waal: The age of empathy  

Lagre