GUD I BØKENE

Bøkene står i fremste rekke for å fortelje oss om menneskelivet – og om Gud. Kristendommen er ein skriftreligion. Sentrale forteljingar og tradisjonar står nedfelt i eit bibliotek av skrifter, Bibelen, som vi her i Noreg har privilegert og enkel tilgang til. Det er ofte lett å gløyme kor heldige vi er som bur i eit samfunn der Bibelen er tilgjengeleg for alle, der dei fleste av oss kan lese han, og der vi ikkje blir forfølgde for å gjere det.

I kjølvatnet av Bibelen, verdas mest selde og mest lesne bok, er det blitt skrive ei rekke bøker som går i samtale med dei kanoniserte tekstane. Somme av dei er såkalle apokryfe tekstar. Ein del av dei er spekulative, andre er – som Martin Luther også meinte – nyttige og gode å lese.

Så har vi all den åndelege og teologiske litteraturen gjennom tidene, der mange av verka har status som klassikarar. Tenk til dømes på Be­ kjennelser av Augustin, Om den trellbundne viljen av Martin Luther og Teresa av Avilas Den indre borgen, bøker som har vore med på å forme kristendommen og den kristne trua på markante måtar. Det har også oppbyggelege bøker frå John Bunyans Pilgrims vandring og Carl Olof Rosenius’ Husandaktsboken til Carl Fredrik Wisløffs Jeg vet på hvem jeg tror og Rick Warrens Målrettet liv – og alt av C.S. Lewis. I dette nummeret av STREK ser vi på kva som har gått føre seg i den kristne sakprosaen dei seinare 15 åra. Pastor og litteraturkri- tikar Per Eriksen saknar litt rock’n’roll!

Hovuddelen av dette dobbeltnummeret er like fullt via ei anna litterær åre, nemleg skjønnlitteraturen. Dei skjønnlitterære forfattarane har lang tradisjon for å skrive i samtale med Bibelen, tenk berre på Dantes Den guddommelege komedie frå 1300-talet og Dostojevskijs store romanar frå 1800-talet. Denne utgåva av StreK kastar sideblikk til både svensk skjønnlitteratur, sett gjennom auga til den svenske forfattaren Ylva Eggehorn, og til amerikansk litteratur, i Live Lundhs essay om Marilynne Robinson og Robert Frost. Hovudtyngda ligg likevel på den norske samtidslitteraturen. Dei seinare tretti åra har vi sett ein tydeleg auke av bi- belsk språk og tankegods på vårt eige skjønnlitterære berg. I essayet «Gud i samtidslitteraturen» prøver eg å gi dykk ein viss oversikt over det omfattande feltet – iallfall delar av det.

Det kristne evangeliet set kontinuerleg merker etter seg i kunsten. Dette er noko prosjektleiar Knut Erik Tveit i Påske + pasjon har tatt inn over seg i særleg grad. I mange år har han invitert forfattarar til å skrive tekstar med utgangspunkt i Markus- evangeliet og Oslos kyrkjeruinar. Forfattarane står fritt til å forme tekstane sine – ei raus, nødvendig og fruktbar innstilling. På sidene lenger bak i dette nummeret kan du lese meir om korleis prosjektlei- aren, og dei inviterte forfattarane, tenker.

I rausheitas namn har vi også eit stort intervju med hovudmeldar Tom Egil Hverven i Bokmagasinet, gitt ut av Vårt Lands konkurrerande avis, Klas- sekampen. Hverven er blant dei som har følgd den norske samtidslitteraturen tettast dei seinare tiåra. I desse dagar er han aktuell med boka Å lese etter troen, der han ser på religiøse tematikkar og trådar i utvalde, sentrale norske forfattarskap. Også Hverven meiner at den kristne trua set eit større preg på den norske samtidslitteraturen enn det som vanlegvis kjem fram i den offentlege samtalen om litteratur.

I dag skulle tematikken rett nok ha blitt tydelegare for mange. Om ikkje anna, så fordi tre av våre største forfattarar – Dag Solstad, Karl Ove Knausgård og Jon Fosse – så openbert interesserer seg for Gud og religiøse spørsmål i bøkene sine. Dette er fyldig dekt både i essayet «Gud i samtidslitteratuen» og i intervjuet med Hverven. La meg likevel seie litt meir om Fosse her, som med eit sentralt verk i norsk samtidslitteratur så eksplisitt krinsar kring spørsmålet om Gud.

Fosse fekk nyleg Kritikerprisen og kom på nominasjonslista til den internasjonale Bookerprisen for Eit nytt namn, den avsluttande delen av romanverket Septologien. I heile dette verket er Gud og den kristne trua sentralt til stades, til den av- sluttande bøna som fangar æva i eitt no. Hovudpersonen Asles refleksjonar kring Gud er ofte undrande: «og kanskje er det Guds fred eg no tenkjer på, eller kanskje er det ikkje det? kanskje har det ikkje noko med det ein kallar for Gud å gjera? tenkjer eg, dersom det då er råd å snakka om Gud, om det gjev noka meining, for er ikkje Gud berre noko som er, men som ein ikkje kan seia noko om?»

Fosses romanperson får sagt mykje om Gud, og om menneskelivet i heile sin eksistens. Han får reflektert rundt paradokset «lysande mørker», som Fosse har vore opptatt av lenge. Han får uttrykt det eg allereie har sitert i eit tidlegare nummer av StreK, at «vi kjem frå Gud og vi går attende til Gud» (sjå leiarartikkelen i StreK nr 3&4-2021). Asle får også sagt ein heil del om den kristne trua, som at trua er ei nådegåve: «og har ein tru så veit ein difor også kva nåde er, men har ein ikkje tru, så veit ein heller ikkje kva nåde er, eller kva nådegåve er, då veit ein ikkje at alt er gjeve …»

Mange lesarar av STREK er truleg kjente med slike tankar, men det er kanskje ikkje så ofte ein les dei så konkret uttrykt utanfor kyrkjer og forsamlingshus. Kanskje somme heller ikkje hadde venta å lese om tru og nåde i den heitaste, nye, norske skjønnlitteraturen. Men slik er det, altså.

Eit nytt namn fortel blant anna om korleis Asle følgjer etter kjærasten sin, Ales, inn i den katolske kyrkja. Mykje av det religiøse stoffet i Septologien har eit katolsk tilsnitt, blant anna dei latinske bønene, men utan at det verkar dogmatisk. Fosse er sjølv blitt katolikk, men det har ikkje gjort romanpersonane hans meir katolske enn paven. Den sjølvstendige tenkinga står framleis i hovudsetet, slik det sømer seg ein vestlandsk forfattar av Fosses in- ternasjonale format.

Lenger bak i dette nummeret kan du elles lese Rolv Nøtvik Jakobsen essay om korleis Jon Fosse skil seg frå, og liknar på, sin avdøde forfattarkollega Sigrid Undset i omtalen av religiøsitet.

Fosse er langt ifrå åleine i den nye norske skjønnlitteraturen om å gå inn i religiøse spørsmål. Berre dei seinaste månadene har vi sett Gunnar Wærness skrive dikt om Jesu kropp i dikt- og dokumentarboka Ta på Jesus og Ulla Svalheim utforske den nedarva kristne trua i romanen Til troende. Dei skjønnlitterære bøkene som tek eit tydeleg steg inn den kristne trua og tenkinga, er ofte blant dei beste også kvalitetsmessig sett. Det er interessant.

Litteraturen lever og er full av eksistensiell livsande.

Eg håper dette nummeret av STREK blir til stimulans både for tanken og trua. Og eg håper det skapar lyst til å orientere seg vidare inn i skjønnlitteraturen, med alt gullet som der er å finne. Eit kjent bibelsitat snakkar om at «bokstaven slår i hel, men Anden gjer levande». Det sitatet må ikkje vrengast og anvendast til å slå i hel det bokstaven bygger opp. Tvert om ser vi at den beste kunsten er full av ånd vi kan seie: inspirert av Gud. Slik er det også i litteraturen, frå dei overordna tematikkane og ned på bokstavnivå. Dette er ikkje uttrykk for eit romantisk syn på litteratur generelt og den norske samtidslitteraturen spesielt, men for at han lever og er full av eksistensiell livsande.

Påsketida er ei fin tid for å reflektere vidare kring dette, ikkje minst ved sjølvsyn.

God påske, og god lesing til alle våre kjære lesarar!

Alf Kjetil Walgermo