Å røre ved Guds kappe
Arnfinn Haram
Når du går gjennom skogen og stryk med handa over
barken på eit tre eller rører ved stein og strå, skal du
kjenne etter og vite: Dette er dine vener og Guds vener,
her rører du ved fliken av hans kappe ...
Pater Arnfinn Haram skisserer på oppmoding frå
strek nokre berande element i ein økologisk teologi
og spiritualitet.
Ting utviklar og endrar seg raskt og uventa i vår tid; murar fell, jarnteppe rivnar, religion får ny aktualitet – og klimaspørsmål og økologi vert brått hovudsaker, både politisk og moralsk.
I kyrkjeliv og teologi er økologi ikkje noko nytt på agendaen. Det har lenge vore snakk om skapingsteologi, om etikk på skaparplanet, om forvalting og sosial rettferd. Likevel har dette ikkje slått skikkeleg inn i sjølve spiritualiteten, i trusoppleving og trusrøynsle. Ein har ikkje lukkast å plassere det teologiske sentralt nok. I ein åndeleg tradisjon der fokus har vore sterkt på Kristus og hans frelsesverk og på einskildmennesket si personlege frelse, er det ei ekstra utfordring å integrere natur- og samfunnsspørsmål i trua sitt sentrum, både som teologi og som truspraksis.
Les hele saken i STREK 01/2008
LES FLERE SAKER I STREK 01/2008
BLI ABONNENT
«Den økologiske krisa heng saman med korrupsjonen av mennesket. Når Kristus vert menneske og gjenreiser mennesket, vert heile skaparverket fornya.»
Arnfinn Haram